Vina
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vina (tamil வீணை vīṇai) er eit sør-indisk klimpreinstrument med fire spelestrenger av messing og tre resonansstrenger. Gripebrettet har 24 metalltverrband som er festa til sjølve gripebrettet med voks. Vinaen har vanlegvis to resonanskassar — hovudresonanskassen er av tre med halvkuleform, og ein resonans-kalebass finst ved overgangen mellom halsen og hovudet på vinaen. Vinaen blir halden vassrett på fanget av den som spelar. Dette instrumentet blir særleg bruka i karnatisk musikk.
Remove ads
Namnet vina
Vina var tidlegare eit omgrep som dekte alle karnatiske strengeinstrument, og blir framleis brukt om andre instrument enn vinaen som er skildra her. Til dømes kjenner me til dhanurvina, eit rundvore strykeinstrument frå tidlegare tider, rudravina, eit plukkeinstrument med to resonnanskassar laga av graskar som framleis er i bruk, og nyskapte instrument som hamsavina med 22 strenger (5 hovudstrenger, 13 tilleggstrenger og 4 resonnansestrenger) eller den gitaraktige mohanvinaen.
Foto: Christina Kundu
For å skilja vinaen frå andre vinatypar blir han derfor stundom kalla «sarasvativina». Instrumentet er nemleg eit symbol for og svært nært forbunde med Sarasvati, som er hindugudinne for mellom anna musikk.
Remove ads
Anna
Heltinna i ei av bøkene til Salman Rushdie, The Ground Beneath her Feet, tek artistnamnet «Vina Apsara».
Vidkjende vinaspelarar
- Emani Sankara Shastri
- S. Balachander
- Doraiswamy Iyengar
- Chittibabu
- R. Vishweshwaran
- E. Gayathri
Bakgrunnsstoff
- Grundige utgreiingar om dei ulike vinatypane Arkivert 2004-12-06 ved Wayback Machine.
- Lydfilar Arkivert 2006-07-01 ved Wayback Machine. (i MP3-format) av vinaspel
Denne musikkartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads