Vega kommune
kommune i Nordland fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vega er ein øykommune på Helgeland i Nordland fylke som grensar til kommunane Brønnøy, Vevelstad og Alstahaug. Dei 6 500 øyane, holmane og skjera i kommunen står på UNESCO si verdsarvliste.
- Sjå òg stjerna Vega
Remove ads
Geografi
I tillegg til hovudøya Vega har også øyane Ylvingen og Omnøy fastbuande. Andre øyer er Søla og Skogsholmen. På sørsida av øya Vega ruver dei om lag 700 meter høge Vegtindan, medan nordsida hovudsakleg er myrlandskap.
Historie
Dei eldste busettingane på Vega er datert til steinalderen, 10 000 år tilbake. Dette er den aller tidlegaste påviste busettinga i Nord-Noreg. Truleg var det dei fiskerike grunnvassområda rundt øya som gjorde at folk busette seg der.
Kultur
Kommunen er deltakar i Skulpturlandskap Nordland med skulpturen «En ny samtale» av den finske kunstnaren Kain Tapper.
Næringsliv
Dei viktigaste næringsområda i kommunen er jordbruk, fiske og lokal tenesteyting. Det finst òg ein del fiskeforedling i kommunen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads