Ventspils

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ventspilsmap
Remove ads

Ventspils er ein by nordvest i Latvia ved kysten av Austersjøen. Han er kalla opp etter elva Venta som renn gjennom byen. Ventspils har om lag 45 000 innbyggjarar.

Kjappe fakta Land, Grunnlagd Byrettar ...

Ventspils utvikla seg rundt ei borg som høyrde til den liviske riddarordenen og vart først nemnd i krøniker i 1290. Han fekk byrettar i 1314 og vart ein viktig handelsby i Hansaen.

Ventspils er ei viktig isfri hamn. Store mengder med olje og andre mineralressursar frå Russland vert lasta om bord i skip i Ventspils. Inntektene frå hamnetenestene har gjort Ventspils til den rikaste byen i Latvia.

Tretti kilometer nord for Ventspils ligg den tidlegare sovjetiske radioastronomi-installasjonen VIRAC (Ventspils Starptautiskais Radioastronomijas Centrs eller Ventspils internasjonale radioastronomisenter). At dette i det heile tatt eksisterte var ukjend for dei fleste latviarane før sovjetarane trekte seg bort i 1994.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads