Verktøyet kateter

From Wikipedia, the free encyclopedia

Verktøyet kateter
Remove ads

Kateter (frå gresk kathienai, 'søkkje') brukt i medisin er eit eit røyr som kan førast inn i kroppen. Det å legge inn eit kateter kallar ein kateterisering. Avhengig av kor og korfor røyret leggjast inn kan det vera meir eller mindre stivt.

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå kateter.
Thumb
Ulike kateter

Ein legg inn kateter for å:

  • tømme urinblæra for urin (blærekateterisering), anten gjennom urinrøyret med eit Foleykateter eller gjennom huda suprapubiskateter.
  • drenera væskeopphopingar eller luft, til dømes rundt lungene. Kateteret blir då ofte kalla eit dren.
  • gje intravenøs væske, medikament eller parenteral ernæring
  • lage bilete av sirkulasjonssystemet (angiografi), gjere målingar i eller manipulera sirkulasjonssystemet, sjå hjartekateterisering
  • framstille forholda i hjernen
  • direkte måling av blodtrykk i vener eller arteriar.

Eit lite kateter for innføring i ei vene kallast oftast ei perifer venekanyle, av di det blir lagt inn i ei lita perifer vene. I Noreg nyttar ein ofte handelsnamnet «Venflon» uansett fabrikat. Eit sentralt venekateter (CVK) har større indre diameter og ligg med spissen nære eller i høgre framkammer. Det er eigna til spesielle medikamenttypar og store væskemengder. Eit Swan-Ganz kateter er eit kateter plassert i pulmonalarterien for å måle trykk.

Remove ads

Sjå òg

  • kanyle
  • stent

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads