Vernskog

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Vernskog er etter norsk skogbrukslovgiving skog som anten:

  • tener som vern for annan skog
  • gir vern mot naturskadar

eller

  • er sårbar og kan bli øydelagt ved feil skogbehandling fordi han står opp mot fjellet eller ut mot havet.

Vernskog er ikkje freda, men hogst i vernskog skal følgje retningsliner gitt av fylkeslandbruksstyret. Retningslinene kan innehalde reglar om meldeplikt.

Fylkeslandbruksstyret avgjer etter framlegg frå kommunen kva for skogområde som skal vere vernskog.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads