Veslefrikkfeltet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Veslefrikkfeltet er eit olje- og gassfelt som ligg i blokkene 30/3 og 30/6 i Nordsjøen. Statoil er operatør for feltet. Feltet vart funne i 1981 og produksjonen starta i 1989. Ein fast boreinstallasjon, Veslefrikk A-platformen, vert nytta til å bora produksjons- og avgrensingsbrønnar. Ein halvt nedsenkbar borerigg, Veslefrikk B, vart nytta til utvinning av olje og gass. Totale investeringar i feltutbygginga er rekna å verta 20,3 milliardar NOK. Utvinnbare reservar var i 2006 rekna til å vera 56,2 millionar Sm3 råolje og 2,8 milliardar Sm3 naturgass.

Olja frå Veslefrikk vart ilandført gjennom Osebergrøyrleidninga til Stureterminalen. Gassen vert ilandført gjennom Statpiperøyrleidninga.

Remove ads

Sjå òg

  • Olje- og gassfelt på norsk kontinentalsokkel

Bakgrunnsstoff

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads