Victory Nunatak

From Wikipedia, the free encyclopedia

Victory Nunatak
Remove ads

Victory Nunatak er ein kjenneleg øyliknande nunatak med tre klipperike toppar, den sørlegaste og høgaste med ei høgd opp mot 360 moh. Han stig opp av isen søraust i Mobiloilfjorden 8 nautiske mil (15 km) søraust for Kay Nunatak på austkysten av Den antarktiske halvøya. Nunataken vart først kartlagd av W.L.G. Joerg frå flyfoto tekne under Lincoln Ellsworth den 23. november 1935. Han vart så fotografert frå lufta av U.S. Antarctic Service (USAS) i september 1940. Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i august 1947, og Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE) (trimetrogonbilete) i desember 1947. Han vart namngjeven av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1961; sett frå lufta ser han ut som tre prikkar og ein strek, som er morsekoden for bokstaven «V».

Kjappe fakta Land, Stad ...
Remove ads

Kjelder

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Victory Nunatak» (innhald frå Geographic Names Information System).

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads