Vigleik Dyrøy

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Vigleik Dyrøy (fødd 1957) er ein norsk visesongar, komponist og tekstforfattar frå Askøy.

Kjappe fakta

Han var medlem av visegruppa Fenring. Dei gav ut albumet Tilbakeblikk... i 1979. Vigleik Dyrøy har tonesett fleire av dikta til Olav Lavik og halde fleire konsertprogram saman med han. Han og Fenring deltok med Olav Lavik i Erik Bye sitt program Toner fra Askøy.

Dyrøy er i dag leiar for gruppa Demring. Vigleik Dyrøy og «Demring» reiser rundt i folkeakademia og mållaga med programmet Audslegt rop mot bratt fjell, som er bygd på Lavik/Dyrøy-songar. I 2009 gav Askøy Mållag ut boka Kall meg rimsmed og jordtræl - Olav Lavik i liv og dikting. Dyrøy var redaktør for boka. Cd-en Diktet og draumen, som fylgjer med boka, inneheld 11 songar innspelt av gruppa Demring.

Remove ads

Kjelder

  • «Glimrande comeback av Fenring» - artikkel av Harald Clausen
  • Hordaland Folkeakademi - Program for 2009.
  • «Suksess for den nye visegruppa 'Fenring'» - artikkel av Conrad Clausen
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads