Vikebygd kyrkje
kyrkje i Vindafjord kommune From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vikebygd kyrkje er ei murkyrkje frå 1937 i Vindafjord kommune i Rogaland fylke.
Remove ads
Kyrkjebygg
Sjølve kyrkjesalen er ei langkyrkje med orientering frå vest-nordvest til aust-søraust. Tårnet er asymmetrisk plassert på sørsida. Vindauga i apsisveggen i koret har glasmåleri.
Tidlegare kyrkjer
Det har stått ei rekkje kyrkjer på staden. Mellomalderkyrkja var truleg ei stavkyrkje. Ho vart avløyst av ei tømmerkyrkje på same staden i 1682. Ei ny kyrkje vart oppført litt nærare fjorden i 1872, og gamlekyrkja vart riven året etter. Kyrkja frå 1872 brann i 1926. Ei ny bindingsverkskyrkje teikna av Torgeir Alvsaker stod klar i 1928. Denne kyrkja brann allereie i 1930, og Alsaker teikna òg dagens kyrkje, som vart innvigd i 1937. Kyrkja står om lag 70 meter lengre frå fjorden enn dei to førre kyrkjene.
Remove ads
Kjelder
- Anne Marta Hoff: Vikebygd kyrkje i «Norges kirker»
- Jan Brendalsmo: Middelalderske kirkesteder i Rogaland Arkivert 2018-09-03 ved Wayback Machine. (Riksantikvaren, 2016), s. 148–149
Bakgrunnsstoff
- «Vikebygd kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Vikebygd kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Vikebygd kyrkjelyd om kyrkja
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads