Viktor J. Klimenko

From Wikipedia, the free encyclopedia

Viktor J. Klimenko
Remove ads

Viktor Jakovlevitsj Klimenko (fødd 25. februar 1949) er ein tidlegare turnar frå Moskva som representerte Sovjetunionen. Han vart i 1972 olympisk meister i bøylehest og 1971 og 1973 europameister i mangekamp.

Kjappe fakta

Klimenko var med i dei sovjetiske mannskapa som vann sølvmedaljar i lagtevlinga under Sommar-OL 1968 og Sommar-OL 1972, begge gongane slått av Japan. I 1968 tok han også OL-bronse i skranke. I Turn-VM 1970 fekk han sølv i hopp og bronse på bøylehest. Våren 1971 vart han europameister i mangekamp framom landsmennene Mikhail Voronin og Nikolaj Andrianov. Under dei olympiske sommarleikane 1972 i München vann han gullmedaljen i bøylehest og sølvmedaljen i hopp. I 1973 forsvarte han tittelen som europameister i mangekamp, vann i tillegg gull i to apparat-finalar. Etter å ha fått sølv i lagkamp ved Turn-VM 1974 var den internasjonale karrieren over.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads