Vilhelm I av Württemberg

From Wikipedia, the free encyclopedia

Vilhelm I av Württemberg
Remove ads

Vilhelm I av Württemberg (27. september 178125. juni  1864), fødd i Lübein, var konge av Württemberg.

Kjappe fakta Periode, Fødd ...

Han var son av kong Fredrik I av Württemberg (1754–1816) og Augusta av Brunswick-Wolfenbüttel (1764–1788).

Han gifta seg 8. juni 1808 i München med prinsesse Charlotte av Bayern (1792–1873), dotter av kong Maximilian I av Bayern (1756–1825) og prinsesse Augusta Wilhelmine av Hesse-Darmstadt (1765–1796). Dei vart skilde i 1814.

Thumb
Vilhelm I med kona Pauline og borna sine.

I 1816 gifta han seg med kusina si, prinsesse Katarina Pavlovna av Russland, i St. Petersburg. Seinare same året blei Vilhelm konge av Württemberg etter far sin. Med Katarina fekk han to døtrer; Marie og Sofie, seinare dronning av Nederland. Katarina døydde i 1819.

I 1820 gifta Vilhelm seg med ei anna kusine, Pauline av Württemberg, i Stuttgart.

Med den tredje kona si hadde han tre born:

  • Katharina (1821-1898), som skulle bli mor til Vilhelm II av Württemberg
  • Karl I av Württemberg (1823-1891)
  • Augusta (1826-1898)

Vilhelm I døydde på Schloss Rosenstein i Stuttgart.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads