Villefranche-de-Rouergue
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Villefranche-de-Rouergue er ein by og kommune sør i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Aveyron i regionen Occitanie og har om lag 12 000 innbyggjarar.
Remove ads
Historie
Mot slutten av Albigenesarkrosstoget vart greven av Tolouse slått, noko som førte til freden i Paris i 1229. Med denne traktaten gav han grevskapet Rouergue til dottera si, som gifta seg med Alphonse de Poitiers, bror av St. Louis, konge av Frankrike. Alphonse grunnla Villefranche i 1252 på staden der ein gamal landsby kalla La Peyrade låg.
Under den andre verdskrigen var Villefranche okkupert av Nazi-Tyskland og ein Waffen SS-divisjon som hovudsakleg bestod av kroatar og muslimske kroatar. Ferid Džanić i lag med Božo Jeleneko og Nikola Vukelić, gjorde ein bataljon opprør mot nazistane 17. september 1943, men vart raskt slått ned og stort sett avretta på staden. Dei få som klarte å rømme, inspirerte den franske motstandsrørsla i Aveyron.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads