Vinter-OL 1980
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
Vinter-OL 1980 vart avhelde i Lake Placid i USA. Dette var andre gong leikane vart avhelde her, fyrste gong var i 1932. Sovjetunionen vart for tredje gong på rad beste nasjon, denne gongen med 10 gullmedaljar. Noreg måtte nøye seg med ein gullmedalje, men fekk i tillegg tre sølv og seks bronse. Den norske gullmedaljen vart teken av Bjørg Eva Jensen på kvinnenes 3000 meter skøyter. Det største namnet frå leikane vart Eric Heiden med fem gull av fem moglege på skøytebana.
Dei 13. olympiske vinterleikane | |
Deltakande nasjonar | 37 |
Deltakarar | 1072 (840 menn, 232 kvinner) |
Øvingar | 38 i 6 idrettsgreiner |
Opningsseremoni | 13. februar 1980 |
Avslutningsseremoni | 24. februar 1980 |
Offisielt opna av | Walter Mondale |
Norsk flaggberar under opningsseremonien var Jan Egil Storholt, som deltok på skeiseløp.
Remove ads
Idrettsgreiner
- Aking og bobsleigh
- Ishockey
- Skøyteløp
- Kunstløp
- Alpine greiner
- Nordiske greiner
- Skiskyting
Medaljestatistikk
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads