Vistdal
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads


Vistdal er ei bygd i Molde kommune i Møre og Romsdal. Bygda har om lag 350 innbyggjarar og er kjent for lakseelva der og bergarten Vistdalitt.
Midt i bygda ligg Myklebostad med campingplass, Vistdal kro, butikk, Vistdal kyrkje og barneskule.
Remove ads
Historie
Bygdene Eresfjord og Vistdal oppretta sjølvstendig kommune 1. januar 1890 då Nesset kommune vart delt i to, Eresfjord og Vistdal. 1. januar 1964 vart Eresfjord og Vistdal kommune slegen i hop med Nesset kommune att.
Elva Visa
Elva Visa, som bygda er kalla opp etter, har rikt laksefiske.
Leirstaden Visthus, vart bygd av den engelske adelege offiseren Gui Freemantle som brukte staden og elva til laksefiske. Visthus er i dag i eige av Nordmøre og Romsdal Indremisjon.
Visdalitt
Vistdalitt er ein bergart som kjem frå Vistdal. Denne bergarten vert teken ut av berget og foredla av Romsdal Steinindustri (tidlegare Vistdal steinindustri).
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads