Voll kyrkje

From Wikipedia, the free encyclopedia

Voll kyrkje
Remove ads

Voll kyrkje ligg på Voll i Måndalen i Rauma kommune. Kyrkja vart bygd i 1896 og restaurert i 1964.

Kjappe fakta Kyrkjesamfunn, Bispedøme ...

Kyrkja har eit ytre omriss som ei langkyrkje og har ei åttekanta koravslutning. Den er bygd i lafta tømmer. Arkitekt var Gabriel Smith.

Thumb
Den åttekanta koravslutninga.
Thumb
Mot koret
Foto: Max Ingar Mørk

Tidlegare stod det ei kyrkje frå 1674 på same tomta.

Remove ads

Interiør

Av gamle gjenstandar i kyrkja kan nemnast ein Bibel frå 1732, ein huspostill frå 1756 og ein alterkalk frå 1648.

Orgelet er frå 1840. Tidlegare stod orgelet i Mandal kyrkje, og det vart flytt til Måndalen i 1926. Orgelet er bygd av orgelbyggar Albrechtsen frå Trondheim. Det var lenge i dårleg forfatning, men vart restaurert føre kyrkja sitt 100-årsjubileum i 1996.

Kjelder

  • Thaule, John Ove; Ubostad, Ingar; Pedersen, Bjørn. 1990. Kyrkjene våre i Ei bok om Rauma, Rauma Kommune. s 207-210

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads