Voltmeter

From Wikipedia, the free encyclopedia

Voltmeter
Remove ads

Eit voltmeter er eit apparat som vert nytta til å måle elektrisk spenning.

Thumb
Elektroskop
Thumb
Eit multimeter innstilt for spenningsmåling.

Dei viktigaste typane er

  • dreiespolevoltmeter, som består av eit kjensleg amperemeter (mA- eller μA-meter) med stor seriemotstand,
  • elektrostatisk voltmeter, der spenningen vert målt ved den elektriske kraftverknaden mellom eit rørleg og eit fast elektrodesett,
  • forsterkarvoltmeter med elektronrøyr- eller transistorforsterkar kopla til eit viserinstrument
  • digitalvoltmeter, der spenningen som skal målast, blir avtasta (sampla) periodisk av ein elektronisk styrt krins, og verdien omdanna til ein tilsvarande talstorleik i ein analog-digital omformar. Verdien kan lesast av på eit taltablå (display), eller kan lagrast i eit digitalt minne for seinare utlesing.
Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads