Vorma
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vorma er ei elv som fraktar vatn frå Mjøsa til Glomma. Ho renn ut frå Mjøsa ved Minnesund og ut i Glomma om lag 30 kilometer lenger nede, ved Årnes. Elva går gjennom Eidsvoll og Nes kommune i Akershus.
- For elva Vorma i Vormedalen i Hjelmeland kommune sjå Vorma i Vormedalen
Remove ads
Der Vorma renn saman med Glomma ligg den ti meter høge Funnefossen. I Vorma, sør for Eidsvoll, ligg Svanfossen, der vasstanden i Mjøsa blir regulert. Svanfoss sluse på 60 gonger 6 meter rundt Svanfossen blei opna i 1906.
Remove ads
Historie
Elva skal ha fått namnet sitt fordi ho er «varm», i og med at vatnet frå Mjøsa sjeldan frys medan fjellvatnet i Glomma og Gudbrandsdalslågen ofte gjer det.
Eidsvoll mellom Minnesund og Vorma er lett å koma til med båt, og var ein viktig tingstad i norrøn tid. Her blei mellom anna Eidsivating halde.
I 1795 sperra eit skred ved Disen elva i 111 dagar slik at folk kunne gå tørrskodd over. For å hindra flaum måtte ein grava ein kanal rundt rasmassen.
Remove ads
Kjelder
- «Vorma» i Store norske leksikon, snl.no.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads