Włocławek
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Włocławek (tysk Leslau) er ein by nord i Polen ved elvane Wisła og Zgłowiączka og om lag 120 000 innbyggjarar. Han ligg i Kujaviskpommerske voivodskap og var fram til 1999 hovudstad i Włocławek voivodskap.
Remove ads
Historie
Bispedømet Włocławek (latin Vladislaviensis) i Kuyavia, nær Płock, vart først nemnd i ein pavebulle frå pave Eugene III i 1148. Den første biskopen av Włocławek var Warner, som er nemnd i bullen, etterfølgd av Onoldius frå Italia. På eit tidspunkt vart bispedømet kalla Vladislaviensis et Pomeraniae (Włocławek og Pommern). Namnet «Vladislaviensis» og tidsepoken peikar mot Władysław II den landflyktige eller bestefaren Władysław I Herman, eller Vladislav II av Böhmen, som mogelege namngjevarar. Under naziokkupasjonen under den andre verdskrigen fekk Włocławek namnet «Leslau».
Wloclawek hadde ein ganske stor jødisk folkesetnad i mange hundre år. Etter nazistane okkuperte byen vart han den første byen i Europa der jødane måtte gå med den gule jødiske davidsstjerna. Mange jødar frå byen døydde i samanstøyt med nazistane, av svolt eller sjukdom etter at dei vart flytta til gettoen i Łódź. Andre mista livet i dødsleiren Chelmno.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads