Wadi al-Far'a

From Wikipedia, the free encyclopedia

Wadi al-Far'a
Remove ads

Wadi al-Far'a (arabisk وادي الفارعة) er ein palestinsk landsby i Tubas guvernement nordaust på Vestbreidda fem kilometer sørvest for Tubas. Han høyrer til Den palestinske sjølvstyresmakta og ligg like ved Far'a flyktningleir.[1] I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Wadi al-Far'a eit folketal på 2 340 innbyggjarar.[2]

Kjappe fakta Land, Guvernement ...
Remove ads

Arkeologi

Wadi al-Far'a ligg nær fleire arkeologiske funn frå tyngre yngre steinalder frå Qaraoun-kulturen. Tre stader i nærleiken vart oppdaga av Francis Turville-Petre mellom 1925 og 1926 kalla Wadi Farah, Shemouniyeh og Wadi Sallah.[3][4]

Historie

Wadi al-Far'a vart tidlegare kalla Tarza'a og det noverande namnet kjem frå den geografiske plasseringa, nær Far'a-kjelda. Området vart tidlegare eigd av innbyggjarar frå Talluza i nærleiken, som brukte det som jordbruksland. I 1960-åra slo innbyggjarar frå Talluza seg ned i området og oppretta ein eigen landsby. I 1996 vart Wadi al-Far'a offisielt fråskild Talluza og fekk status som eigen landsbykommune under Tubas guvernement.[1]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads