Wakefield

From Wikipedia, the free encyclopedia

Wakefieldmap
Remove ads

Wakefield er ein by i West Yorkshire i England. Han ligg ved elva Calder, sør for Leeds, og inngår i den sameinte styresmakta City of Wakefield.

Kjappe fakta Plassering, Styresmakter ...

Byen var tidlegare eit sentrum for tekstilhandel, og området var frå den industrielle revolusjonen dominert av kolgruvedrift. Under den store gruvearbeidarstreiken i 1984 var alle gruvene i umiddelbar nærleik av byen stengde, men det var 18 gruver igjen i resten av distriktet, og byen var prega av mange demonstrasjonar til støtte for gruvearbeidarane.

Wakefieldkatedralen vart restaurert av sir George Gilbert Scott. Han har eit spesielt kapell frå 1300-talet, som er éit av berre fire av sitt slag som er bevarte i England. Det er ei rekkje andre kulturelle attraksjonar i byen, blant anna Yorkshire Sculpture Park, Sandal Castle, National Coal Mining Museum for England, eit stort kunstgalleri og eit bymuseum (Wakefield Museum). I mai 2011 opna kunstmuseet The Hepworth Wakefield som er til minne om bilethoggaren Barbara Hepworth som vart fødd i Wakefield i 1903.

Området Westgate hadde tidlegare dei største talet på pubar plassert vegg-i-vegg i England, og Westgate Run er ein kjend pub-til-pub-runde.

Remove ads

Kjende personar frå Wakefield

  • Kenneth Leighton, komponist


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads