Wasaburo Ooishi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Wasaburo Ooishi (15. mars 1874–18. desember 1950) var ein japansk meteorolog som er mest kjend for å ha oppdaga jetstraumane. Dette gjorde han ved å følgje vêrballongar som han sende opp frå Fujifjellet i Japan. Mellom 1923 og 1925 målte han vestavinden i stratosfæren over Japan og merka seg at denne var kraftig året rundt. Sjølv om Ooishi hadde kontakt med International Meteorological Organization (IMO, i dag WMO) og hadde reiser til Tyskland og USA, vart artiklane hans stort sett ikkje lagt merke til fordi han skreiv dei på esperanto, som vart lite brukt i vitskaplege kretsar utanfor Asia.
Observasjonane hans vart nytta av japanarane under den andre verdskrigen for å sende ballongar med bomber til det amerikanske fastlandet. Fleire av bombene nådde fram og tok faktisk menneskeliv.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads