Watching and Waiting
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Watching and Waiting» er ein song av progrockbandet The Moody Blues frå 1969 og skriven av bandmedlemmane Justin Hayward og Ray Thomas. Han vart først gjeven ut som singel i oktober 1969 og sidan gjeven ut i november 1969 på albumet To Our Children's Children's Children. Sjølv om «Watching and Waiting» ikkje er like kjend som andre Moody Blues-singlar, er mellotronlyden i bakgrunnen liknande lyden i «Nights in White Satin». B-sida til singelen var «Out and In».
Sjølv om albumet vart ein stor suksess for the Moody Blues, og nådde andreplassen i Storbritannia, selde singelen dårleg og nådde ikkje ein gong singellista. Det er òg den einaste singelen til bandet med som Ray Thomas var medlåtskrivar på.
Remove ads
Medverkande
- Justin Hayward: vokal, akustisk gitar
- John Lodge: bassgitar
- Mike Pinder: mellotron, piano
- Ray Thomas: fløyte
- Graeme Edge: trommer, perkusjon
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads