Waxed

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Waxed er debutalbumet til den norske rock'n'roll-gruppa Bigbang.

Meir informasjon Bigbang-kronologi ...

Albumet vart spelt inn på G.L Studio i Oslo i juni 1995, og ferdigstilt av Audun Strype og Bigbang på Strype Audio. Plata vart gjeve ut gjennom Grand Sport Records, som er eit sjølvstendig plateselskap eigd av frontmann i Bigbang, Øystein Greni. Waxed vart seinare lansert på nytt, i ei ny utgåve, gjennom Warner den 3. juni 2002. Denne nye utgåva inneheldt eit nytt spor, «Elle Vogue», som ein kan høyre etter 12 minutt og 30 sekund uti spor #11, «Down There Again». I følgje ei utsegn frå Greni er den nye songen tileigna moteblad (t.d. ELLE og Vogue), som viser fram kvinner som mannfolk flest ikkje har råd til å ha med å gjere.

Remove ads

Spor

Alle songane er produsert og miksa av Bigbang og Børge Finnstad, med unntak av spor #4.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Bigbang

  • Øystein Greni - solovokal, gitarar
  • Erik Tresselt - bassgitar, vokal
  • Christer Engen - trommer, vokal

Andre

  • Iver Ole Erstad - orgel (på spor #6, «Tennis Club»)
  • Børge Finnstad - produsent og teknikar
  • Audun Strype - ferdigstilling (en:mastering)
  • Jørn Christensen - produsent (av spor #4, «Little Cloud»)
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads