We're Gonna Move
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
We're Gonna Move er ein song av Elvis Presley. Elvis Presley og Vera Matson står oppført som låtskrivarar, men han vart i røynda skriven av ektemannen til Matson, Ken Darby og publisert av Elvis Presley Music. Songen vart spelt inn for filmen Love Me Tender og gjeven ut på ein RCA Victor-EP i 1956. «We're Gonna Move» vart spelt inn 24. august 1956.
I staden for eit heilt filmmusikkalbum med musikken frå Love Me Tender vart fire songar frå filmen gjevne ut på EP-en Love Me Tender i november 1956. EP-en vart sertifisert til platina av RIAA. EP-en nådde 10. plassen på Billboard EP-lista og 22. plassen på Billboard 200 albumlista. Han nådde niandeplassen på Top Pop Albums-lista med eit sal på over 600 000, i tillegg til 35. plassen på singellista. Dei fire songane på EP-en vart spelt inn i Fox-studioet Stage One i Hollywood, den 24. august 4. september og 1. oktober 1956.
Remove ads
Medverkande
- Elvis Presley - vokal
- Vito Mumolo - akustisk gitar (solo)
- Luther Rountree - akustisk gitar (rytme)
- Dom Frontieri - trekkspel
- Mike «Myer» Rubin - kontrabass
- Richard Cornell - trommer
- Rad Robinson - korvokal
- Jon Dodson - korvokal
- Charles Prescott - korvokal
Andre versjonar
Songen er òg blitt innspelt av Adriano Celentano i 1973 og G.I. Blues i 1999. Songen vart omsett til tysk og framført av Peter Moesser som «Unser Haus» i 1959. Ein fransk versjon vart skriven av Jacques Poterat som «Le cavalier du crépuscule» og gjeven ut av Long Chris i 1963.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads