Wegner
Wikimedia-fleirtydingsside From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Wegner er eit tysk etternamn og ei norsk slekt. Namnet tyder 'vogmakar', og er ein nord- og sentraltysk variasjon av Wagner.
Wegner er ei slekt i Noreg med bakgrunn i Preussen. Slekta kom til Noreg i 1823 med generalkonsul og godseigar Jacob Benjamin Wegner. J. B. Wegner busette seg i Noreg som deleigar og nyutnemnd generaldirektør for Blaafarveværket. J. B. Wegner var gift med Henriette Seyler, dotter av senatoren Heinrich Seyler frå Hamburg. Desse hadde sønene byfogd Johann Ludwig Wegner, gift med Blanca Bretteville, dotter av statsråd Christian Zetlitz Bretteville, grosserar Heinrich Benjamin Wegner, gift med Henriette Vibe, og høgsterettsadvokat George Mygind Wegner. Frå Heinrich Benjamin Wegner stammar den nålevande slekta.
Remove ads
Personar med etternamn Wegner
- Jacob Benjamin Wegner (1795-1864). Fødd i Königsberg i Preussen. Industrimann, diplomat og godseigar. Stamfar for Wegner- slekta i Noreg.
- Rolf Benjamin Wegner, sorenskrivar.
- Rolf Benjamin Wegner 1942 (1942-) Son av sorenskrivar Wegner. Tidlegare politimeister i Bergen.
- Hans J. Wegner (f. 1914 i Tønder, Danmark. Ein dansk møbelsnekkar, møbelarkitekt og formgjevar.
Litteratur
- Wegner, Rolf B.: Familien Wegner, Oslo 1967.
Kjelder
- Dictionary of American Family Names, Oxford University Press, ISBN 0-19-508137-4 ved ancestry.co.uk
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads