Welsumer

From Wikipedia, the free encyclopedia

Welsumer
Remove ads

Welsumer er ein hønesort som vart framavla i Nederland på byrjinga av 1900-talet. Han er oppkalla etter Welsum i Nederland. Utgangspunktet var blant anna rhode island red og barnevelder.

Thumb
7 veker gammal welsumer.

Rasen legg store mørkebrune egg med hardt skal. Desse egga skulle fyrst og fremst seljast til England, der det var stor etterspørsel. Welsumer er ein av dei tre rasane som legg mørkast egg (dei to andre er barnevelder og maran). Han er ein god verpar, og kan legga opptil 160 egg i året. Hønenen har ingen utprega rugelyst, sjølv om det hender at dei legg seg ned for å ruga. Welsumerkjuklingar er livlege.

Remove ads

Skildring

Dvergwelsumer

  • Skalfarge: Lysebrun
  • Eggevekt: 40 g
  • Hanevekt: 1 kg
  • Hønsevekt: 900 g

Stor welsumer

  • Skalfarge: Mørkebrun med flekkar
  • Eggvekt: 65 g
  • Hanevekt: 3,5 kg
  • Hønsevekt: 2,5-3 kg

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads