Western

From Wikipedia, the free encyclopedia

Western
Remove ads

Western er ein sjanger av filmar og forteljingar som tek for seg livet i det ville vesten i Nord-Amerika. Handlinga er som regel henta i frå 1800-talet då kjende bandittar som Butch Cassidy, Sundance Kid, Daltonbrørne, Frank og Jesse James og Billy the Kid regjerte i vesten. Filmane, som kan kallast western- eller cowboyfilmar, tek som regel for seg dagleglivet til ein cowboy eller dei lovlause.

Thumb
Filmplakat for California Joe frå 1943.

Western som filmsjanger har hatt fleire stordomsperiodar; seinst på 1960- og 70-talet med blant anna filmane til Sergio Leone. Leone-filmane er døme på undersjangeren «spaghetti-western», som har fått det namnet fordi filmane vart regissert av italienske regissørar og ofte hadde italienske skodespelarar. Ein skilnad mellom spaghetti-western og eldre amerikansk westernfilm er at handlinga er meir brutal og valdsam i spaghetti-western og den litt alternative filmmusikken som blant anna komponisten Ennio Morricone står for.

Western har utvikla seg gjennom åra, tek ein filmar frå 1930- og 1940-talet har song ei stor tyding i filmen. Dette er songar som vart teke i bruk av cowboyar til song rundt leirbål. Denne forma for song har fått eit eige namn som blir kalla hesteopera.

Fram til 1960-talet var western òg ein populær sjanger innanfor underhaldningslitteraturen. Ein sein, norsk utløpar av denne tradisjonen er Louis Masterson sine bøker om Morgan Kane.

Remove ads

Kjende filmar

  • Den gode, den onde og den grusomme (originalt The Good, the Bad, and the Ugly)
  • For en neve dollar (orginalt A Fistful of Dollars)
  • For en neve doller mer (originalt For a Few Dollars More)
  • Ondt blod i vesten (originalt Once upon a Time in the West)
  • Sheriffen (originaltittel: High Noon)
  • A Fistful of Dynamite
  • El Dorado
  • Rio Grande
  • Roy Rogers ordner opp (originaltittel: The Yellow Rose of Texas)
  • The Last Days of Frank and Jesse James
Remove ads

Kjende westernskodespelarar

Sjå òg

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads