Wheels Ain't Coming Down
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Wheels Ain't Coming Down» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeve ut i 1979 som opningssporet på det åttande studioalbumet deira Return to Base. Songen var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Slade. I 1981 kom songen ut att på ny på det neste albumet deira, We'll Bring the House Down og kom ut som den andre singelen frå dette albumet i mars. Han nådde då 60. plassen på den britiske singellista.[2][3]
Songen kom òg ut på EP-en Six of the Best i 1980, som ikkje gjekk inn på salslista.
«Wheels Ain't Coming Down» fortel ei soge om ei nær døden-oppleving Holder og Lea hadde på ei flyreise til Los Angeles.[4] Hjula på flyet kom ikkje ned og flyet måtte kræsjlande.[5]
B-sida til singelen var «Not Tonight Josephine», som tidlegare hadde vore B-side på singelen «Sign of the Times» i 1979.[6]
Det vart filma ein musikkvideo til songen, men han vart ikkje vist då singelen kom ut. Han var regissert av Eric Boliski. Videoen vart filma ettermiddagen 10. mars 1981 i Southampton Gaumont, før bandet skulle halde konsert der på kvelden.[7]
Remove ads
Innhald
- 7"-singel
- «Wheels Ain't Coming Down» – 3:37
- «Not Tonight Josephine» – 3:03
Salslister
Medverkande
- Noddy Holder – solovokal, rytmegitar, produsent, arrangør
- Dave Hill – sologitar, korvokal, produsent, arrangør
- Jim Lea – bass, korvokal, produsent, arrangør
- Don Powell – trommer, produsent, arrangør
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads