Ev'rybody's Gonna Be Happy

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Ev'rybody's Gonna Be Happy» er ein song skriven av Ray Davies og gjeven ut som singel av det britiske rockebandet The Kinks i 1965. Han var ein oppfølgjar til hitten «Tired of Waiting for You», men der dei tre siste singlane hadde nådd andre- eller førsteplass i heimlandet, nådde denne singelen berre 17. plass.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Begge sider av singelen vart spelt inn i desember 1964 under same innspeling som B-sida til og den siste finpussen til «Tired of Waiting for You».

Etter at singelen gjorde det dårleg i Storbritannia, gav ikkje Reprise ut singelen i USA med det første. Dei gav han ut seinare som oppfølgjaren til «Set Me Free», men då den neste britiske singelen «See My Friends» vart rekna som enno mindre passande, snudde dei «Ev'rybody...»-singelen og gjorde «Who'll Be the Next in Line» som A-side, fire månader etter han kom ut i Storbritannia. Denne amerikanske utgåva nådde 34. plass på histlista der.

I tillegg til å singelutgjevinga vart «Ev'rybody's Gonna Be Happy» gjeven ut på den amerikanske utgåva av albumet Kinda Kinks.

Remove ads

Andre utgåver

Queens of the Stone Age spelte inn ei utgåve av songen som vart gjeven ut på den japanske utgåva av albumet Songs for the Deaf.

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads