The Width of a Circle

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«The Width of a Circle» er ein song skriven av David Bowie i 1970 for albumet The Man Who Sold the World, gjeve ut det året i USA og i april 1971 i Storbritannia. Songen er opningssporet på albumet og ein hardrocksong med heavy metal-overtonar. Bowie hadde spelt ein kortare versjon av songen på konsertar fleire månader før han vart spelt inn. Albumversjonen vart spelt inn i april-mai 1970.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...

Mick Ronson spelar sologitar på songen og bandet syng stundom korvokal. Denne åtte minuttar lange songen er delt inn i to delar. Musikken har ein tung R&B-stil i den andre halvdele, der forteljaren fortel om eit seksuelt møte – med Gud, Djevelen eller eit anna overnaturleg vesen, i følgje forskjellige tolkarar – lang nede i helvete.[1][2][3]

Somme kjelder hevdar at songen vart gjeven ut på singel av RCA i Aust-Europa, i lag med «Cygnet Committee» frå det førre Bowie-albumet, David Bowie som B-side. Men denne russiske singelen vart trykt opp av ein fan, og er derfor ikkje offisiell.

Remove ads

Komposisjon

Well, I said hello and I said hello
And I asked, why not, and I replied, I don't know
So we asked a simple black bird, who was happy as can be
And he laughed insane and quipped Kahlil Gibran

David Bowie (1970)

Bowie skreiv truleg «Width of a Circle» seint i 1969, som ein folkrockaktig sak omrking 12-strengsgitaren til Bowie, på liknande måte som «Cygnet Committee» eller «Unwashed and Somewhat Slightly Dazed» frå David Bowie.[4]

På BBC-innspelinga, som er den første innspelte versjonen av «Width of a Circle», kan ein «høyre korleis Ronson nærmaste funderer på korleis han skal fylle ut dei tomme romma. Han gjorde så songen om til ei høgmesse for elektrisk gitar, og let Bowie vere tilskodar i sin eigen song», skreiv Chris O'Leary om songen.[4] I 1973 let Bowie Ronson spele ein ti minuttar lang solo på «Width of a Circle», medan han sjølv gjekk i garderoben for eit kostymebyte.

Songen opnar med eit illevarslande, glidande gitarriff. Ronson elska Led Zeppelin, Jimi Hendrix og Cream, og tok frå platene deira korleis ein skulle setje ein song på plass med eit gigantisk riff.[4] På albumversjonen er riffet sjølve hjørnesteinen på sporet. Riffet starta aleine, før Bowie kjem inn på akustisk gitar, så Tony Visconti på bass, og til slutt trommer. Riffet opptrer ein gong til i songen, etter tredjeverset og like før den andre halvdelen av songen byrjar. Gitaren til Ronson dominerer likevel resten av sporet. I dei første tre versa nytta Ronson eit anna repterande vers, med raske E-E7-E-akkordar, som fyller inn pausane mellom vokallinjene til Bowie. I tillegg inneheld songen den første gitarsoloen hans, ein 40 taktar lang solo som byrjar med Ronson som bøyer G-strengene. Soloen er blitt kalla høglydt, flytande og storslått og den store debuten til Ronson.[4] Ein hadde ikkje høyrt noko liknande på ei Bowie-innspeling før.

«Width of a Circle» mangla opphavleg ein slutt og enda etter berre to vers. Dette kan ein høyre på den første BBC-innspelinga. Ronson og Visconti, som arrangerte, miksa og spelte på det meste av The Man Who Sold the World, meinte at ein trengde ein andre halvdel til songen. I løpet av eit einaste forsøk spelte dei det Visconti kalla eit «spontant boogie-riff», som dei likte så godt at dei sette det på slutten av songen og bad Bowie komme opp med melodi og tekst til stykket. Den første delen av songen har tekstar som er rare og marerittaktige med draumebilete, lånte setningar frå Nietzche («the monster was me»), nokre slåande tekstlinjer («God’s a young man, too») og hippe referansar til Khalil Gibran, medan den andre delen har blitt kalla stadig meir latterleg.[4] Den andre delen handlar om forteljaren som har røff sex med ein demon (eller Gud, eller seg sjølv eller alt i saman), med linjer som «his tongue swollen with devils’ love» eller «I smelled the burning pit of fear».[4]

Songen endar med eit sitat (på trommer) frå Strauss sin «Also Sprach Zarathustra».

Remove ads

Innspelingar

«Width of a Circle» vart spelt inn to gonger for BBC, den 5. februar og 25. mars 1970. Den førstnemnde finst på Bowie at the Beeb.Ei innspeling frå Santa Monica i California frå 20. oktober 1972 vart gjeven ut på eit konsertalbum i seinare år, og versjonen frå den siste Spiders from Mars-konserten i Hammersmith, 3. juli 1973, finst på Ziggy Stardust: the Motion Picture, medan konsertversjonen frå Diamond Dogs-tureen vart spelt inn i Philadelphia den 11. og 12. juli 1974 og finst på David Live.

Remove ads

Konsertversjonar

Bowie spelte «Width of a Circle» på konsertane sine tidleg i 1970-åra, og på den siste konserten til Spiders from Mars i juli 1973, hadde opningssoloen til Ronson blitt ei ABC-bok for metal-gitaristar. Etter at Bowie og Ronson gjekk kvar til slitt, omarrangerte Bowie «Width of a Circle» for Diamond Dogs turneen sin i 1974. Bowie nytta då mindre gitar og meir saksofon og klaverinstrument, men Earl Slick fekk likevel høve til å lever ein skrålande gitarsolo.

Det er gjeve ut fleire konsertopptak av songen:

  • Ein 10:43 min lang versjon spelt inn i Santa Monica Civic Auditorium den 20. oktober 1972 er gjeve ut som Santa Monica '72 og Live Santa Monica '72.
  • Ein 14 minuttar lang versjon vart spelt inn i Hammersmith Odeon, London, den 3. juli 1973 og kom ut på Ziggy Stardust - The Motion Picture i ei forkorta utgåve i 1983. Den komplette versjonen vart gjeven ut på 30th Anniversary 2CD Special Edition i 2003. I den lengre utgåva spelar Mick Ronson og bandet ein lengre instrumental, slik at Bowie kan få gjere eit kostymeskifte, noko som var vanleg under Ziggy Stardust-turneane.[5]
  • Ein versjon frå den nordamerikanske turneen til Bowie i 1974 kom ut på David Live i 1974.
  • Ein versjon spelt inn med the Tony Visconti Trio (òg kalla The Hype) på The Sunday Show introdusert av John Peel, den 5. februar 1970, kom ut på Bowie at the Beeb i 2000.

Andre utgåver

Songen finst på den japanske samleplata The Best of David Bowie frå 1974.

Andre versjonar

  • Spurge - Crash Course for the Ravers - A Tribute to the Songs of David Bowie (1996)
  • The Spiders from Mars - The Mick Ronson Memorial Concert (2001); the Spiders bestod her av Joe Elliott (vokal, akustisk gitar), Trevor Bolder (bass), Woody Woodmansey, (trommer), Billy Rankin (gitar) og Nicky Graham (piano)

Medverkande

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads