Wijdefjorden
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Wijdefjorden (uttalt veidefjorden) er ein fjord på nordsida av Spitsbergen på Svalbard. Fjorden <!er ?? km brei ved munningen og--> skjer 109 km rett inn i landet mellom Andrée Land i vest og Margaretas Land (Ny-Friesland) i aust. Han smalnar jamnt av innover og har berre ei sidearm, Vestfjorden, som tar av mot vest i den indre delen. Lengre inn blir Wijdefjorden òg kalla Austfjorden.

Wijdefjorden er den lengste fjorden på Svalbard, lengre enn Isfjorden som skjer inn i Spitsbergen frå vest.
Fjordsidene er bratte, spesielt i vest kor fjella reiser seg nesten loddrett 1000–1165 meter over havet. I aust er fjella litt slakare, opp til 900 meter ytst og 1636 moh. inst i fjorden, og med isbreen Åsgardfonna oppå fjella i aust. Inst og på austsida ligg dei høgste fjella på Svalbard, Perriertoppen og Newtontoppen.
Inst i fjorden fell Mittag-Lefflerbreen heilt ned til fjorden frå det slake partiet heilt i sør, i Dickson Land.
Remove ads
Indre Wijdefjorden
Indre Wijdefjorden er den sørlegaste (inste) delen av fjorden. I dette området ligg Indre Wijdefjorden nasjonalpark, som utgjer eit område på 1 127 181 dekar. Dette inkluderer landområde på begge sider av fjorden, i tillegg til fjorden sjølv.
Kjelder
- Den norske los, vol. 7, 2 utg. (Stavanger: Norges sjøkartverk og Norsk polarinstitutt, 1990).
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads