Wilhelmshaven

From Wikipedia, the free encyclopedia

Wilhelmshaven
Remove ads

Wilhelmshaven er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 75 000 innbyggjarar. Byen ligg på vestkysten av Jadebusen, som er ei bukt i Nordsjøen.

Kjappe fakta Land, Stat ...
Remove ads

Historie

Wilhelmshaven er ein relativt ung by i forhold til andre tyske byar. Den prøyssiske marinen trengde ei hamn, så den prøyssiske kongen Vilhelm I grunnla byen i 1869.

Det stod derimot ei borg på staden så tidleg som i 1383, Sibetsburg. Denne borga var eigd av sjørøvarar og øydelagd i 1433 av Hansaen. Fire hundreår seinare ville Preussen ha ein flåte og ei hamn i Nordsjøen. I 1853 oppretta prins Adalbert av Preussen Jadetraktaten (Jade-Vertrag) med Storhertugen av Oldenburg, der Preussen og storhertugen vart einige om at Preussen skulle overta 3,13 km² av områda til Oldenburg ved Jadebusen. Vilhelm I (som seinare vart keisar i Tyskland med same namn) innvia hamna seksten år seinare og gav ho namn.

Wilhelmshaven vart ein av dei viktigaste tyske hamnene. Hertugdømet Oldenburg nøyt òg godt av hamna, som låg nær byen Rüstringen i Oldenburg. Wilhelmshaven og Rüstringen vart slått saman i 1937.

Under den andre verdskrigen vart byen utsett for kraftige bombeåtak, sidan han haldt ein av dei største tyske marinebasane. To tredjedelar av bygningane i byen vart øydelagd. Hamna og garnisonen der overgav seg til den polske hæren 5. mai 1945.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads