Wim Slijkhuis

From Wikipedia, the free encyclopedia

Wim Slijkhuis
Remove ads

Willem Frederik Slijkhuis, kjend som Wim Slijkhuis, (13. januar 192328. juni 2003) var ein nederlandsk friidrettsutøvar frå Leiden som vart europameister på 1500 meter i 1950 i Brussel.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Slijkhuis tok sølvmedaljen på 5000 m då EM i friidrett 1946 vart avvikla på Bislett stadion i Oslo på tida 14.14,0, hans endelege personbeste på distansen. To år seinare deltok han i dei olympiske leikane 1948 i London. Her vann han to bronsemedaljar, fyrst på 5000 meter og fire dagar seinare på 1500 meter. På halvmila kom han i mål ei ni sekundar bak dei to som kjempa om sigeren, men på 1500 meter kjempa han drabeleg om gullmedaljen mot svenskane Henry Eriksson og Lennart Strand. Eriksson vann på 3.49,8, Strand og Sljikhuis var begge seks tidels sekund bakom, men Strand vart dømd fyrst.

I 1949 forbetra Slijkhuis den nederlandske rekorden på 1500 m til 3,43,8, einast åtte tidels sekund bakom verdsrekorden. Under EM i friidrett 1950 vann han gullmedaljen på 1500 m, seks tidels sekund framom franske Patrick El Mabrouk.

Slijkhuis vart slått ut i forsøket på 1500 m under Sommar-OL 1952 i Helsinki, og la opp i 1954.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads