Wu Cheng'en
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Wu Cheng'ein (kinesisk skrift 吴承恩, pinyin Wú Chéng'ēn, Wade-Giles Wu Ch'êng-ên, fødd ca. 1500 i Lianshui[1] nær Huai'an i provinsen Jiangsu i Kina, død 1582, stilnamn Ruzhong (汝忠) var ein kinesisk forfattar under Ming-dynastiet. Han studerte ved akademiet i Nanjing.

Hovudverket hans er Reisa mot vest, ei danningsreise. Verket er rekna som ein av dei fire store romanane i klassisk kinesisk litteratur.
Remove ads
Liv og virke
Wu var fødd i Lianshui, og flytta sidan til Huaian ikkje langt unna.[2][1][3] Faren hans, Wu Rui, var gåverik, men kunne ikkje ta høgare studiar på grunn av dei svake økonomiske tilhøva til familien. Han verka som kunstnar. Interessa hans for boklege syslar smitta over på sonen, som dreiv med klassisk litteratur, folkeeventyr og anekdotar.[1][3]
Wu Cheng'ein gjekk opp til den kinesiske embetsmanneksamenen fleire gonger i håp om ein karriere som mandarin, men bestod han ikkje. Fyrst i moden alder kom han inn på det keisarlege universitetet i Nanjing. Dermed blei han likevel embetsmann, og blei mellom anna postert til Beijing og til fylket Changxing.[1] Men han treivst ikkje med arbeidet, og sa derfor opp. Resten av livet vigde han seg til forfattarskap på heimstaden.[1]
Han blei ein dyktig forfattar av både poesi og prosa. Han heldt likevel fram med å vera fattig, og fekk heller ingen barn som levde opp.[3] Han var lite tilfreds med det politiske klimaet og korrupsjonen i samtida, og levde som einebuar.[1]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads