Xena
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Xena of Amphipolis er ein rollefigur i tv-serien Xena: Warrior Princess og Hercules: The Legendary Journeys. Ho er spela av skodespelarinna Lucy Lawless.
- For dvergplaneten som ei stund vart kalla Xena, sjå 136199 Eris.
Tidlegare i livet
Xena vart fødd i Amphipolis og var den einaste dottera til vertshuseigaren Cyrene. Far hennar vart påstått å ha forlate familien då ho var lita, men seinare fann Xena ut at han var drepen av mor hennar då han ville ofre den 7 år gamle Xena til Ares.
Då Xena var i tenåra angreip krigsleiaren Cortese landsbyen hennar. Mange flykta opp i fjella, inkludert den eldre bror hennar Toris. Men ho og den yngre bror hennar Lyceus fekk overbevist nokre folk og klarte å forsvare landsbyen. Under kampen mista mange folk livet, inkludert Lyceus. Tapet av Lyceus fekk Xena til å flytte frå landsbyen og starte ein eigen hær for å ta hemn på Cortese.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads