Yaya Touré
ivoriansk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gnégnéri Yaya Touré (fødd 13. mai 1983 i Bouaké) er ein ivoriansk fotballspelar som i 2014 spela for Manchester City i engelsk Premier League, og for landslaget til Elfenbeinskysten.
Touré forlét Elfenbeinskysten som 18-åring i 2001 og drog til Europa, først Beveren i Belgia, så Metalurh Donetsk i Ukraina, Olympiakos i Hellas og Monaco. I 2007 vart han kjøpt av det spanske topplaget Barcelona for 9 millionar euro. Han debuterte for Barcelona 26. august 2007. I 2008/09-sesongen var han ei stund ute av førstelaget til fordel for Sergio Busquets, men han vann plassen sin tilbake på nyåret i 2009. I finalen i Meisterligaen i 2009 spelte han som midtstoppar, men til vanleg spelar han som defensiv midtbanespelar. Han har vunne serien i Elfenbeinskysten i 2001 med ASEC Mimosas, den greske ligaen og cupen med Olympiakos i 2006, den spanske ligaen og cupen i 2009 og den europeiske Meisterligaen i 2009. I 2013/14-sesongen vart han Manchester City sin toppskårar i serien.
Touré har spelt for Elfenbeinskysten sitt landslag sidan 2004. Storebroren hans, Kolo Touré er òg ivoriansk landslagsspelar i fotball.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads