Yeti av Amon Düül II

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Yeti er eit dobbeltalbum frå 1970 av det tyske krautrockbandet Amon Düül II. Det kom ut på Liberty Records. Albumet vart produsert av Olaf Kübler og Amon Düül II med Willy Schmidt som lydteknikar. Det inneheld både korte songar og lengre, improviserte stykke. Det britiske magasinet The Wire skildrar Yeti som «ein av hjørnesteinane i karrieren til både Amon Düül og heile krautrock-miljøet»,[3] medan Allmusic skriv «det første meisterverket deira, og eit av dei definerande krautrockalbuma».[1]

Meir informasjon Amon Düül II-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Den første plata inneheld komponerte songar, og opnar med det lange stykket «Soap Shop Rock». Den andre plata består av lange, improviserte stykke.

Remove ads

Plateomslag

Plateomslaget vart teikna av organisten i bandet, Falk Rogner, og er ein collage av mannen med ljåen (tysk: Der Sensenmann) laga av eit bilete av Wolfgang Krischke. Krischke, hadde arbeidd med bandet som lydmann, men døydde av hypotermi medan han var påverka av LSD. Rogner sa: «Då han døydde syns eg det biletet ville vere den perfekte måten å minne han på.»[4][5]

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

2001-utgåva på Repertoire Records (REP 4919) inneheld alle songane over på ein enkel CD, i tillegg til to bonusspor som opphavleg var A- og B-sida på ein singel frå 1970.:

  1. "Rattlesnakeplumcake" - 3:18
  2. "Between the Eyes" - 2:27
Remove ads

Medverkande

  • Renate Knaup - vokal, tamburin
  • John Weinzierl - gitar, 12-strengsgitar, vokal
  • Chris Karrer - fiolin, gitar, 12-strengsgitar, vokal
  • Falk Rogner - orgel
  • Dave Anderson - bass
  • Peter Leopold - trommer
  • Christian "Shrat" Thierfeld - bongos, vokal

Gjester på «Sandoz in the Rain»:

  • Rainer Bauer (frå Amon Düül I) - gitar, vokal
  • Ulrich Leopold (frå Amon Düül I) - bass
  • Thomas Keyserling (spelte òg med Tangerine Dream) - fløyte

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads