Yixing

From Wikipedia, the free encyclopedia

Yixingmap
Remove ads

Yixing (hanzi 宜兴; pinyin Yíxīng) er eit byfylke i byprefekturet Wuxi i provinsen Jiangsu i austre Kina. Byfylket har ei utstrekking på 2.177 km² og hadde i 2005 1,07 millionar innbyggjarar. Byen er kalla «keramikkhovudstaden i Kina» og «Verdas tekannesenter».

For munken, oppfinnaren og astronomen på 700-talet, sjå Yi Xing.
Kjappe fakta 宜兴 Yíxīng, Land Provins ...
Remove ads

Yixinggods

Frå gammalt av har byen produsert steingods av lillabrun yixing-leire som finst i området. Yixingtekanner er høgt skatta og er mykje brukte til den kinesiske teseremonien. Dei eldste spora av keramikkmaking i Yixing er 7000-8000 år gamle, og under Han-dynastiet byrja ein laga keramikk med celadonglasur her. Keramikkmuseet i Yixing har over 10 000 gjenstandar.

I dag blir mykje av yixingkeramikken laga i nabobyen Dingshu (Dingshan), men det finst framleis handverkshus og fabrikkar her.

Thumb
Shanjuan-hola.
Remove ads

Shanjuan-hola

Shanjuan-hola er ein annan attraksjon. Ho er eit imponerande naturfenomen med ein hall på 1 000 m², stalaktittar på opptil sju meter og ein foss med eit fall på 120 meter utanfor. Temperaturen er rundt 23 °C heile året.

Holehallen er dekorert med dikt i kinesisk kalligrafi. Grotta har namnet sitt etter Shanjuan, ein vismann som ifølgje soga slo seg ned her for 4-5000 år sidan.

Kommunikasjon

Yixing har ikkje jernbanesamband, men riksveg 104 i Kina går gjennom byfylket. Vegen begynner i Beijing, går sørover via Dezhou og så til Jinan, Xuzhou, Nanjing, Hangzhou, Wenzhou og endar opp i Fuzhou.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads