Yoichiro Nambu
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Yoichiro Nambu (18. januar 1921–5. juli 2015) var ein japansk-amerikansk fysikar og professor ved University of Chicago. Han er kjend for bidraga sine til fagfeltet teoretisk fysikk.
I 1952 vart han invitert til Institute for Advanced Study in Princeton i New Jersey for å studere. Han flytta til University of Chicago i 1954 og vart utnemnd til professor i 1958. Frå 1970 var han USA-amerikansk statsborgar.
Nambu vann ei rekkje utmerkingar og prisar, mellom anna J. Robert Oppenheimer Prize, USAs National Medal of Science, Japan Order of Culture, Planck-medaljen og Wolfprisen i fysikk. Han vart tildelt halvparten av Nobelprisen i fysikk i 2008 for oppdaginga av spontan brotsymmetri i subatomær fysikk.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads