Ytre Samlafjorden

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ytre Samlafjordenmap
Remove ads

60°20′28.396″N 6°15′19.228″E

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Ytre Samlafjorden er ein del av Samlafjorden og Hardangerfjorden i kommunane Kvam og Ullensvang. Fjorden har innløp i sørvest mellom sjølve tettstaden Jondal og Tørvikbygd og strekkjer seg 12 km nordaustover til Indre Samlafjorden. Sørvest for Samlafjorden ligg Hissfjorden

Mellom Jondal og Tørvikbygd går det ferjesamband. Litt aust for Tørvikbygd vert fjorden langt mykje breiare, om lag 10 km, og på nordsida her ligg tettstadane Norheimsund, som er kommunesentret i Kvam, og Øystese. Rett sør for Norheimsund ligg bygda Vikøy. Mellom Norheimsund og Øystese ligg Børveneset. Ut i fjorden frå Øystese ligg Kvamsøy.

På sørsida av fjorden ligg bygdene Svåsand og Herand. Rett nord for Herand stig fjellet Samlen opp til ei høgd på 686 meter over havet. Samlen og Samlaneset som ligg nedanfor fjellet har gjeve namn til heile dette fjordstykket og markerer grensa mellom Ytre og Indre Samlafjorden. Den nordlege grensa mellom desse to fjordane ligg ved Fyksesund, ein 10 km lang sidefjord til Samlafjorden.


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads