Yvelines

franske departement From Wikipedia, the free encyclopedia

Yvelines
Remove ads

Yvelines er eit departementet nord i sentrale delar Frankrike. Departementet ligg i regionen Île-de-France. Departementet ligg like vest for Paris.

Meir informasjon Administrasjon, Statistikk ...
Remove ads

Historie

Yvelines vart oppretta då det tidlegare departementet Seine-et-Oise vart delt opp 1. januar 1968, og utgjer den vestlege delen av det gamle departementet.

I 1969 vart kommunane Châteaufort og Toussus-le-Noble tatt frå nabodepartementet Essonne og lagt til Yvelines.

Geografi

Departementet er i dag ein del av regionen Île-de-France og grensar til departementa Val-d'Oise i nord, Hauts-de-Seine i aust, Essonne i søraust, Eure-et-Loir i sørvest og Eure i vest.

Den austlege delen av departementet og dei nordlege delane langs Seinen er ein del av storbyområdet til Paris, medan resten av departementet er meir landleg og mykje av denne delen er dekt av Rambouilletskogen.

Bortsett frå Versailles (préfecture) og sous-préfecturene Mantes-la-Jolie, Rambouillet og Saint-Germain-en-Laye er andre viktige byar mellom anna Conflans-Sainte-Honorine, Poissy, Les Mureaux, Houilles, Plaisir, Sartrouville, Chatou, Le Chesnay, og den nye agglomerasjonen av kommunar kalla Saint-Quentin-en-Yvelines.

Ein finn to nasjonalparkar i Yvelines, parc de la Haute Vallée de Chevreuse og delar av parc du Vexin Français.

Yvelines har ein av dei mest kjende golfbanane i Frankrike, La Tuilerie-Bignon, ved landsbyen Saint-Nom-la-Bretèche.

Remove ads

Demografi

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Yvelinois / Yvelinoise.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Yvelines


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads