Zaide

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Zaide (opphavleg Das Serail) er ein uferdig opera, K. 344, skriven av Wolfgang Amadeus Mozart i 1780. Keisar Josef II var i 1778 i gang med å setje opp eit operaselskap for å framføre tyske operaer. Eit vilkår for komponisten då han skulle bli med i selskapet var at han skreiv ein komisk opera. I Salzburg i 1779 byrja Mozart arbeidet med ein ny opera, Zaide. Han inneheld talt dialog, som òg klassifiserer stykket som eit syngespel. Berre ariar og ensemblet for dei to første aktene vart komponerte. Mellom anna manglar ein overture og den tredje akta.

Kjappe fakta Sjanger, Periode ...

Redningsoperaer vart populære på denne tida sidan muslimske sjørøvarar herja i Middelhavet, og tok slavar til forskjellige føremål. Soga om Zaide handlar om at ho prøver å redde kjærasten, Gomatz.

Mozart skreiv for ein tysk libretto av Johann Andreas Schachtner, sett til Tyrkia. Mozart gav seg med Zaide for å arbeide med Idomeneo, og gjekk aldri attende til prosjektet. Verket var tapt fram til etter han døydde, då Constanze Mozart, kona hans, fann dei spreidde manuskripta i 1799. Fragmenta vart ikkje publiserte før i 1838, og vart først framført i Frankfurt den 27. januar 1866. Zaide har sidan vorte sagt å vere grunnlaget for eit meisterverk og fått mykje god kritikk. Arien «Ruhe sanft, mein holdes Leben» er det einaste nummeret som er noko kjend.

Remove ads

Roller

Meir informasjon Rolle, Stemme ...

Ariar

Akt 1

  • «Herr und Freund, wie dank ich dir!» – Gomatz
  • «Nur mutig, mein Herze» – Allazim
  • «Rase, Schicksal» – Gomatz
  • «Ruhe sanft, mein holdes Leben» – Zaide

Akt 2

  • «Der stolze Löw' lässt sich zwar zähmen» – Sultan Soliman
  • «Ich bin so bös als gut» – Sultan Soliman
  • «Ihr Mächtigen seht ungerührt» – Allazim
  • «Tiger! Wetze nur die Klauen» – Zaide
  • «Trostlos schluchzet Philomele» – Zaide
  • «Wer hungrig bei der Tafel sitzt» – Osmin
Remove ads

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads