Zajsan

From Wikipedia, the free encyclopedia

Zajsanmap
Remove ads

Zajsan (russisk озеро Зайсан, ozero Zajsan) er ein ferskvassinnsjø aust i Kasakhstan med eit areal på 1 810 km². Han ligg mellom fjella Altaj og Tarbagataj

Kjappe fakta Tilsig, Utløp ...

Innsjøen ligg i ei høgd på 420 meter, er 105 km lang og 22–48 km brei med eit maksimalt djup på 15 meter. Dei største elvane som renn ut i innsjøen er Kara-Irtysj (Svarte Irtysj) og Kendyrlyk frå aust. Det einaste utsiget er Irtysj (eller Kvite Irtysj).

Innsjøen er rik på fisk. Innsjøen er som regel tilfryst frå byrjinga av november til slutten av april. Etter at Bukhtarmademningen vart bygd steig vassnivået i innsjøen med 6 meter.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads