Zambezi

From Wikipedia, the free encyclopedia

Zambezi
Remove ads

Zambezi (òg skrive Zambesi) er den fjerde lengste elva i Afrika og den største elva som munnar ut i Indiahavet frå Afrika. Ho har eit nedslagsfelt på 1,39 millionar kvadratkilometer, og er om lag halvparten så lang som Nilen, kring 3540 km lang. Ho spring ut i Zambia og renn gjennom Angola, langs grensa mellom Namibia, Botswana, Zambia igjen og Zimbabwe, til Mosambik, der ho munnar ut i Indiahavet.

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...
Remove ads

Det mest spektakulære området av Zambezi er Victoriafalla. Andre kjende fall eller fossar er Chavumafalla ved grensa mellom Zambia og Angola og Ngonyefalla, nær Sioma i Vest-Zambia.

Det er to vasskraftverk og demningar i elva. Desse er Kariba-dammen, forsyner Zambia og Zimbabwe med elektrisitet, og Cahora Bassa i Mosambik, som gjer elektrisitet til Mosambik og Sør-Afrika. Det finst òg eit mindre vasskraftverk ved Victoriafalla.

Remove ads

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads