Zinajida Turtsjyna

From Wikipedia, the free encyclopedia

Zinajida Turtsjyna
Remove ads

Zinajida Mykhajlivna Turtsjyna (fødd 17. mai 1946) er ein ukrainsk tidlegare handballspelar frå Kiev som tevla for Sovjetunionen. Ho vart olympisk meister 1976 og 1980, verdsmeister 1982 og 1986. På handballbana var Turtsjyna spelstyrar.

Kjappe fakta
Remove ads

Karriere

Klubbspel

Zinajida Stolitenko byrja spele for Spartak Kiev i 1962. I 1965 gifta ho seg med trenaren i klubben, Ihor Turtsjyn. Frå 1969 til 1988 vart Spartak og Turtsjyna kvart einaste år sovjet-meister i handball. Perioden 1970 til 1988 sigra laget i EHF-meisterligaen. Turtsjyna var aktiv spelar i klubben heilt fram til 1994.

Landslagsspel

Turtsjyna deltok i meir enn 500 landskampar for Sovjetunionen i tida 1965-88, dei siste 15 åra med ektemannen som landslagssjef. Etter VM-bronse i 1973, vann Turtsjyna VM-sølv i 1975, OL-gull i 1976, VM-sølv i 1978, OL-gull i 1980, VM-gull i 1982 og 1986, samt OL-bronse i 1988.

Etter Ihor Turtsjyn døydde i 1993, arbeidde Turtsjyna i ulike posisjonar i Spartak Kiev.

Merittar

  • Olympisk meister: 1976 og 1980 for Sovjetunionen
  • Verdsmeister: 1982 og 1986 for Sovjetunionen
  • VM-sølv: 1975 og 1978 for Sovjetunionen
  • VM-bronse: 1973 for Sovjetunionen
  • Vinnar av EHF-meisterligaen: 1970, 1971, 1972, 1973, 1975, 1977, 1979, 1981, 1983, 1985, 1986, 1987 og 1988 med Spartak Kiev
  • Sovjetisk meister: 1969-1988 med Spartak Kiev
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads