Zürich

hovudstad i kantonen Zürich, Sveits From Wikipedia, the free encyclopedia

Zürich
Remove ads

Zürich er den største byen i Sveits og har 372 047 innbyggjarar (2010) og eit areal på 92 km². Han er hovudstad i kantonen Zürich, og er det viktigaste kommersielle senteret i Sveits. Zürich er ein leiande global by og eit av dei største finanssentera i verda.[2] I følgje undersøkingar frå 2006 til 2008 var Zürich den byen i verda med høgast levestandard, og den mest velståande byen i Europa.[3][4][5] Byen er eit trafikknutepunkt for vegar, jernbane og luftfart. Både lufthamna og jernbanestasjonen i byen er dei største og travlaste i landet.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...
Remove ads

Geografi

Thumb
Utsyn over Zürich rundt 1884.

Zürich ligg i naturskjønne omgjevnader ved Zürichsjøen og elva Limmat. Byen ligg 408 moh., om lag 3 mil nord for Alpane, som ein kan sjå herfrå. På aust- og vestsida av byen ligg skogkledde åsar. Lindenhof er det historiske og geografiske senteret i byen; den har vore folkesett sidan steinalderen. Byen var lenge avgrensa av kanalen Schanzengraben. I dag strekkjer busetjinga seg utover i dalane Glatttal og Limmattal.

Kantonen Zürich har 1,22 millionar innbyggjarar - dei fleste av dei tysktalande og protestantiske - og eit areal på 1729 km². Storbyområdet kring Zürich har nesten to millionar innbyggjarar.[6]

Thumb
Kart over Zürich frå 1581.
Remove ads

Historie

Zürich var opphavleg ei keltisk busetjing og hadde i romartida eit kastell som heitte Turicum. I høgmellomalderen låg det ei borg for dei tyske kongane og keisarane og i 1218 vart byen ein fri keisarby. I 1351 vart byen medlem av Det sveitsiske eidssambandet. I reformasjonstida var Zürich eit sentrum for protestantisme. Huldrych Zwingli innførte protestantisme her i 1523, og i åra som følgde vart bandet mellom kyrkja og styresmaktene i byen sterke.[7] Konflikt mellom protestantiske og katolske område førte til dei to Kapellerkrigane i 1529 og 1531. Under Trettiårskrigen blei det bygd ein ny sterk bymur rundt byen. Kostnadane til dette førte til store protestar frå landområda underlagt byen; desse blei slått ned.

I 1648 erklærte Zürich seg som republikk. Han hadde makt over store landområde og var den viktigaste bykantonen utanom Bern. Landdistrikta i kantonen Zürich var fram til den helvetiske revolusjonen i 1798 underlagt byen utan at innbyggjarane her hadde politiske rettar.[7] 1803-1805 blei Zürich og Zürich-kantonen skilde og eigedommane delte mellom dei. Frå 1830-åra vart dei fleste murane rundt byen rivne som eit symbol på tilnærminga mellom by og land. Motstand mot det radikale liberale styret i byen førte til ein reaksjonær oppstand den 6. september 1839, kjend som «Züriputsch».

I 1869 vart det innført ei demokratisk forfatning i byen. Børsen i Zürich vart skipa i 1877, og byen vart deretter eit viktig internasjonalt senter for finansvesen og industri. Før og under både første og andre verdskrigen vart byen tilfluktsstad for politiske flyktningar, særleg frå Tyskland og Russland.[7] Zürich såg kraftig økonomisk vekst i etterkrigsåra.

Thumb
Grossmünster og rådhuset i Zürich.
Thumb
Høghus i Zürich.
Remove ads

Næringsliv, utdanning og kultur

Zürich har universitet, teknisk høgskole, finanssentrum og tekstil-, maskin- og grafisk industri. Fleire finansinstitusjonar og store bankar ligg i byen. Mange forskings- og utviklingssenter ligg òg i Zürich, og dei låge skattane trekkjer til seg mange utanlandske selskap som har hovudkvartera sine her.

Mange museum og kunstgalleri ligg i byen, som Det sveitsiske nasjonalmuseet, Kunsthaus, Centre Le Corbusier og Uhrenmuseum Beyer.[8] Schauspielhaus Zürich er eit av dei viktigaste teatera i den tysktalande verda.[9]

Gamlebyen i Zürich har fire viktige kyrkjer: Grossmünster frå 1100-talet, som var utgangspunktet for den sveitsiske reformasjonen; Fraumünster, eit tidlegare nonnekloster, St. Peter, som fekk den største urskiva i Europa i 1538 og Predigerkirche i romansk stil med eit høgt klokketårn i gotisk stil.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads