Espeland fangeleir er eit norsk krigsmuseum og ligg i Moldalia på Espeland, gnr. 289 i Arna i Bergen. Fangeleiren vart oppretta av tyskarane i 1943 og hadde plass for om lag 454 fangar, fordelt på 3 fangebrakker og 2 cellebrakker. Leiren kom til erstatning for Ulven leir, som Wehrmacht skulle overta. Frå først av var Espeland fangeleir tenkt som ein rein transittleir for fangar som skulle sendast til Grini fangeleir, men mange vart sitjande på Espeland til freden kom.