eit elementært stoff som ikkje lar seg bryte ned kjemisk og som består av atom med like mange proton
Eit grunnstoff er eit stoff som ikkje kan skiljast i fleire stoff ved konvensjonelle kjemiske metodar. Det består av atom med same atomnummer, det vil seia same talet proton i atomkjernen. Atoma kan vera av ulike isotopar, altså med ulikt tal nøytron og ulik atommasse, men dei kjemiske eigenskapane er i hovudsak avhengige av protontalet.
Dette er ei liste over kjemiske grunnstoff sortert etter atomnummer og fargekoda etter kjemisk serie i periodesystemet. Med relativt få unntak er lista òg sortert etter atommasse.
Titan er eit metallisk grunnstoff med kjemisk symbol Ti og atomnummer 22. Det er eit transisjonsmetall og er plassert i gruppe 4 i periodesystemet. Stoffet vart oppdaga av ulike forskarar på 1790-talet. Namnet kjem frå titanane, som var ei gudeslekt av himmelens og jordas born i gresk mytologi, og jordas første søner i romersk mytologi.