Map Graph

Håsteinen

fjelltopp i Kinn kommune

Håsteinen er eit fjellmassiv med to toppar i Kinn kommune, 933 og 965 moh. Vestre toppen skil seg tydeleg ut frå omgjevnadene og er lett å få auge på om ein ser søraustover frå Florø. Vestre Håsteinen vert òg kalla Høydalsnipa. Austre toppen som også ber namnet Håsteinen, ligg knappe 2 km søraust for den vestre. Den desidert mest nytta ruta opp til dei to toppane går frå Øvre Standal. Men også stiane frå Store Høydal og Vassbotten blir mykje nytta.

Read article
Fil:Haastein.jpg