Map Graph

Radfjorden

Radfjorden er ein om lag 9 km lang fjord i Vestland. Fjorden går på austsida av Holsnøy i Meland og på vestsida av Radøy. Fjorden strekkjer seg i nordvest-søraust retning og er med eit djup på vel 210 meter ein god plass for reketråling. Fjorden er rik på fisk, frå Tjuvholmen i sør, til populære Bognestraumen og Landsviksosen på kvar side av øya Bongno i nord der Mangerfjorden held fram vidare til Hjeltefjorden på andre sida. Det blir òg teke rikeleg med kreps og krabbe i fjorden av lokale fritidsfiskarar. I søraust grensar han til den vesle Kvernafjorden på nordsida av Flatøy.

Read article